Heritage Adventures
Visste du at dei norske fjordane fleire gonger å kåra til verdas vakraste og best bevara reisemål ? Eller at Nærøyfjorden saman med Geirangerfjorden er vurdert så unike at dei begge er teke inn på Unesco si liste over verdas leiande natur- og kulturarv?
Me i Heritage Adventures er glade for å kunne tilby våre mange kundar i inn- og utland eit utvida program med minnerike natur- og kulturopplevingar nettopp i desse vakre vestnorske fjordområda. Mange av tilboda våre inkluderer også det spektakulære Nærøyfjordenområdet.
Sommaren 2011 tilbyr me to daglege guida fjordturar med vandring då også den populære Vandring i Verdsarven no er teken inn i dette programmet saman med Nutshell & Vandring. I tillegg har me eit stort utval av spesial- eller skreddarsydde arrangement og turar langs fjord og fjell. Dette kan vera guida vandringar eller fjordcruise og rundturar med eller utan vandring. Saman med eit stort nettverk av samarbeidspartar kan me også tilby fleirdagsopphald med overnatting.
La vår arv bli di oppleving !